Velkomen til basar 13. oktober
Hausten er komen, og vi inviterer til trivelig basar-kveld i Haugtun søndag 13. oktober kl 16:00!
Det blir tradisjonsrik meny med åresal, trekking av loddbøker, quiz og mat. Sjølvsagt krydra med mykje god stemning.
Ta med deg alle du kjenner, og kom å bli med på basar-aften!
Vi tek gjerne imot gevinstar, om du har noko å by på! Ta kontakt med ein av oss i styret.
Vi ser fram til å sjå deg!
Styret i Haugtun

